09 April 2010

Alvorlege motorproblem

I staden for å vere på turné, så ligg Shalombåten for anker, og motoren ligg demontert utover golvet. Eg er teolog og ikkje mekanikar, så eg skal ikkje gå i detalj på kva som er gale, men dette har eg fått rapport om:
- Det er kjølevatn i oljen
- Toppakninga er øydelagt
- Veivakselen er skeiv
- Veivlagera er tynnslitt og til dels knørva og gått i bitar

Det er ikkje første gongen vi har fått vatn i oljen, men kvifor skjer det? Det spørsmålet er det enno ingen som har klart å svare på, og det er ikkje få mekanikarar som har vore innom........

Per Ørjan

No comments:

Post a Comment