14 April 2010

Håp for båten

Søndag kveld hadde eg ein lang prat med Naina, ein dyktig mekanikar som trør til når vi er i knipe. Berre han får lov til å åpne motoren, og berre han får lov til å setje han saman igjen.
I flg. Naina, så kjem vatnet i motoren frå eksosutløpet. Det viser seg at det ikkje er anti-retur ventil på utløpsrøret for eksos og kjølevatn. Når vi seglar, og det ikkje er kompresjon som hindrar vatn i å trenge inn, så har bølgeskvulpen frå sjøen fri veg inn til plassar der ein slett ikkje skal ha vatn. Og slik har det visst vore frå båten var ny. Hadde eg vore her like lenge, så hadde eg tatt min hatt og gått på dagen, men det er ingen i dagens stab som kan stillast til ansvare for "fedrenes synder".

No ser vi framover og håpar på betre tider. Ny deleforsendelse kjem frå Norge fredag kveld. Naina skal skru saman motoren. Han kjem også til å skilje eksos og kjølevatn. Eksosutløpet vil bli flytta høgare opp frå vasslinja, og han vil montere anti-returventil på utløpa.
Veivakslingen skal vere ferdig reparert i dag - seiest det........

Som sagt; eg er ikkje mekanikar, så om eg ikkje er heilt presis i skildringane mine og i tekniske vendingar, så får de har med unskuldt! :-)

Per Ørjan

No comments:

Post a Comment