02 May 2010

Ny motor?

I den grad det var håp i hengande snøre sist vi skreiv på bloggen, så har snøret så godt som slitna! Veivakslingen er øydelagt og kan ikkje reparerast. Nye delar kostar på pass mykje at vi helst ikkje vil tenkje på det. Og kven veit om vi lukkast betre med reparasjonen denne gongen? I flg. Shalom-grunder Arild Bakke, så har det vore problem med motoren like sidan båten var ny. Kvart år har vi store utlegg på reparasjonar, og det er ei psykisk påkjenning for dei ansvarlege at ein ikkje får bukt med problema.

Men Shalom-arbeidet går vidare! Vi har bestemt oss for å ikkje vente på båten, men heller finne andre vegar og framkomstmiddel. Staben viser stor grad av fleksibilitet, og i går reiste to medarbeidarar med bil på den dårlege vegen til Soalala for å fylgje opp skulen og kyrkja der. Dei vil også leige pirogue og ta seg vidare til landsbyen Bali.

I dei neste blogg-innlegga vil vi forsøke å oppdatere dykk på det arbeidet som skjer i landsbyane. Sjølv om båten ikkje går, så har vi mykje å glede oss over!

No comments:

Post a Comment